Bustadlån
Skal du kjøpa ny bustad eller pussa opp?
Å kjøpa eigen bustad er ofte den største investeringa i livet. Med rett finansiering kan draumen om eigen bustad bli røyndom. Du skal samstundes hugse på at bustadkjøp er ei investering som påverkar økonomien over lang tid, og difor bør du skaffe deg god oversikt over økonomien din.
Ta kontakt med ein av rådgjevarane våre for ein reell gjennomgang av den økonomiske situasjonen din, og ei vurdering av kor stort bustadlån du kan, eller bør ha. Set av god tid til rådgjevingsmøtet, og hugs å avtale tid på førehand slik at du slepp lang ventetid.
Bustadlån for unge
For deg mellom 18 og 36 år
Med bustadlån for unge (BFU) kan du ved kjøp av eigen bustad låne inntil 85 % av verdien på bustaden til banken si lågaste rente. Dersom du ikkje har spart opp nok eigenkapital, kan du søkje om 100 % lån med tilleggstrygd – til dømes i bustaden til foreldra dine.
Fordeler
- Banken si lågaste rente
- Du beheld den låge renta til du fyller 36 år
- Er de to som søkjer om lån, er det alderen til den yngste som gjeld
- Avdragsfritak kan avtalast – avhengig av belåningsgrad
- God rådgjeving av dyktige rådgjevarar med lang røynsle
Kontakt ein av rådgjevarane våre for ein reell gjennomgang av den økonomiske situasjonen din, og ei vurdering av kor stort bustadlån du kan, eller bør ha. Set av god tid til rådgjevingsmøtet. Avtal tid på førehand slik at du slepp lang ventetid. Ta med siste sjølvmelding, og dei tre siste lønsslippane.
Gode råd til unge bustadkjøparar
For dei fleste er det å kjøpe eigen bustad eit stort steg å ta. Som fyrstegongskjøpar er det store avgjerder som skal takast, og spørsmål som skal stillast og svarast på. Det er mykje nytt å forhalde seg til, og dei vala og avgjerdene ein tek vil påverke økonomien i lang tid framover. Me er her for å hjelpe deg i gang med bustadkjøpet ditt! Nedanfor finn du nokre gode råd i samband med bustadkjøp.
- Lag ei liste med kravspesifikasjonar til bustaden du ynskjer, og prioriter dei ulike krava dine.
- Snakk med ein rådgjevar i banken om kor mykje du maksimalt kan låne før du startar bustadjakta.
- Set eit øvre tak for kor mykje du er villig til å betale før du går inn i bodrundar.
- Ver tolmodig, og ikkje kjøp for dyrt.
- Dersom du har bil, kan du vurdere bustader litt utanfor sentrum der prisane er lågare.
- Les heile salsoppgåva / prospektet på førehand, og noter det du ikkje forstår, eller som du ynskjer meir informasjon om. Spesielt viktig er det å lese eigenerklæringa frå seljar og taksten nøye. Får du ikkje dette før på visninga, ta deg likevel tid til å lese informasjonen grundig.
- Søk informasjon frå fleire kjelder (kjende, nærområde, finn.no, Google etc.).
- Bustadkjøp er ei langsiktig investering.
- Bruk god tid. Ta fleire rundar gjennom bustaden / husveret.
- Spør om det du lurer på.
- Ver merksam på lukt – vatn og fukt er ein risiko.
- Sjekk spesielt det elektriske anlegget, bad, tak og vindauge.
- Vurder objektet / huset / husveret opp mot kravspesifikasjonen din – ikkje følg hjarta.
- Be nokon du kjenner om å vurdere pluss- og minussider ved objektet.
- Hald deg til finansieringsavtalen med banken.
- Hald deg til det øvre taket du har sett for kor mykje du er villig til å betale.
- Ved forbrukarkjøp varer fyrste bodrunde i eitt døgn – til kl. 12:00.
- Etter fyrste bodrunde kan du før kvart nytt bod ringje meklaren og spørje om kor mange det er som byr på objektet. Vurder din vidare bodstrategi ut frå kor mange som framleis er med i bodrunden. Set bodfrist på 30 minuttar.
- Ver tilgjengeleg, og hald tidsfristar.
- Hugs at alle bod er bindande inntil dei er avslegne, eller fristen er gått ut.
- Ikkje delta i fleire bodrundar samstundes!
Fleksilån
Handlefridom til låg pris
Lånet gjev deg ein kreditt som du kan nytte etter eige ynskje. Du betalar tilbake når det måtte passa deg. Fleksilån må vere sikra med pant i eigen bustad og vere innanfor 60 % av bustaden sin verdi.
Fordeler med Fleksilån:
- Avgjer sjølv når og kor mykje du vil bruke av kreditten
- Pengar tilgjengeleg når du treng det
- Du treng ikkje søkje på nytt kvar gong du har behov for pengar
- Pengane disponerer du ved å overføre frå kredittkontoen til brukskontoen
- Du betalar berre renter av det beløpet du til ei kvar tid nyttar
- Nedbetaling gjer du når det høver deg
Byggekreditt
Skal du bygge hus, får du ikkje eit vanleg bustadlån i første omgang, men ein byggekreditt – også kalla byggelån. Dette er ein kreditt som du kan bruke til å dekke kostnadene du har i byggeperioden.
Når huset er ferdig, vert byggekreditten gjort om til eit ordinært lån med trygd i bustadeigedomen. Hjå oss kan du òg få byggekreditt viss du alt har fått tilsegn om langsiktig bustadlån hjå t.d. Husbanken.
Billån
Banken tilbyr finansiering av bil på to måtar – lån med pant i bilen (salspant), eller lån med pant i bustad. For billån med pant i bustad – sjå avsnitt for bustadlån.
Salspant i bilen
Gjennom vårt deleigde finansieringsselskap Brage Finans, tilbyr banken billån med pant i bilen (salspant). I tillegg til å finansiere kjøp av nye og brukte bilar, finansierer Brage Finans også kjøp av campingvogn, bubil, MC og andre transportmiddel.
Brage Finans tilbyr:
- Konkurransedyktige vilkår
- Inntil 10 års nedbetaling
- Rask sakshandsamingstid på søknaden din
- Finansiering av bil kjøpt både privat eller via forhandlar
Det er enkelt å søkje om lån gjennom Brage Finans. Bruk billånkalkulatoren nedanfor til å rekne ut lånebehovet ditt. Når du klikkar på «Søk om lån», vert du sendt vidare til Brage sitt søknadssystem.
Kontakt oss gjerne for meir informasjon om billån i Brage Finans.
* | Priseksempel Billån ved 35 % eigenkapital Lånebeløp 200.000,- innanfor 65 % av kjøpesum, annuitet over 7 år. Nominell rente 2,95 % p.a. Effektiv rente 4,44 % p.a. inkl. etableringskostnad 2.500,- og termingebyr 95,-. Totalt 234.035,-. |
Kaskofritt billån
Gjennom Brage Finans tilbyr banken også billån utan krav om kasko. Viss du skal kjøpe ein eldre og billegare bruktbil mellom 30.000 og 150.000 kroner kan du få finansiering sjølv om du berre teiknar ansvarsforsikring. Eit kaskofritt billån har ei høgare rente, men pris på forsikring og lånekostnader lagt i saman, blir ofte billegare på lånebeløp inntil 150.000 kroner.
Viss du vurderer å ta opp eit kaskofritt billån kun med ansvarsforsikring, er det viktig at du er klar over at forsikringa ikkje vil dekkje restgjelda på billånet om du skulle vera så uheldig å måtte vrake bilen.
Om du ynskjer forsikringsdekning utover ansvarsforsikring kan du teikne ei delkaskoforsikring som dekkjer ansvar, tap og skade på eige køyrety ved brann, tjuveri, glasskade og veghjelp, i tillegg til skadar på fastmontert utstyr og lausøyre. Full kaskoforsikring omfattar i tillegg til dette skadar på eigen bil ved kollisjon, hærverk, utforkøyring og velt.
Det er enkelt å søkje om lån gjennom Brage Finans. Bruk kalkulatoren nedanfor til å rekne ut lånebehovet ditt. Når du klikkar «Søk om lån», vert du sendt vidare til Brage sitt søknadssystem.
Kontakt oss gjerne for meir informasjon om kaskofritt billån og forsikring.
* | Priseksempel kaskofritt billån Lånebeløp 100.000,-, annuitet over 5 år. Nominell rente 9,95 % p.a. Effektiv rente 13,23 % p.a. inkl. etableringskostnad 1.500,- og termingebyr 95,-. Totalt 136.875,-. |
For å sikre at du som kjøpar får ein trygg og smidig handel, har me laga ei liste med nokre hugsereglar som kan vere nyttige for deg som kunde.
- Sjekk om det kan vere heftelser på bilen. Dette kan du enkelt gjere i Brønnøysundregistrene ved å skrive inn registreringsnummeret.
- Skriv alltid kontrakt når du kjøper bruktbil. Sørg for å få med alle detaljar. Standardkjøpekontrakt kan du mellom anna finne på heimesida til NAF.
- Sjekk at servicehefte fylgjer med bilen, og at det er ekte, utfylt og komplett. Sjekk at alle servicar er utført i samsvar med tilrådd serviceintervall.
- Sjekk nøye marknadsprisen på den bilen du vurderer å kjøpe.
- Få oversendt kopi av vognkort og andre relevante opplysningar om bilen – som servicehefte, utstyrsliste, tidlegare skadar, og eventuelt meirverdiavgift.
- Undersøk bilen sin kilometerstand og årsmodell – gjerne hjå autorisert verkstad.
- Undersøk om bilen har hatt skade.
- Undersøk eigarforhold. Be om legitimasjon. Er det eigar av bilen som sel den?
- Undersøk bilen nøye. Ta gjerne ein kjøpstest av bilen før du signerer kjøpekontrakta.
- Undersøk om bilen er EU-godkjent. Dette kan du gjera på Statens vegvesen sine sider.
- Sørg for at ein eventuell garanti gir deg rettar utover dei ålmenne reklamasjonsreglane.
Skal du selje ein bil til ein kunde som skal finansiere denne hjå Brage Finans?
Brage utbetalar direkte til seljar når fylgjande er motteke frå kunde:
- eSignerte lånedokument (tilbodsbrev, nedbetalingsplan, gjeldsbrev og tinglysningsdokument). Legitimasjonskontroll skjer gjennom eSignering med BankID.
- Signert kjøpekontrakt. Denne må vere signert av både kjøpar og seljar, og prisen på bilen og seljar sitt kontonummer må kome fram. Standardkjøpekontrakt kan du finne på heimesida til NAF.
- Kopi av mellombels vognkort. Det vil seie at bilen må omregistrerast på kjøpar før oppgjeret kjem.
Hugs at billånet kun kan etablerast samstundes med kjøp – det vil seie at lånedokumenta må vere signert av kunde før overlevering av bilen.
Om du som seljar ynskjer stadfesting på kunden si finansiering, kan du ta kontakt med Brage Finans på telefon 97 65 78 36 eller e-post [email protected]
Båtlån
Gjennom Brage Finans finansierer me alle typar fritidsbåtar.
- Inntil 80 % finansiering
- Inntil 15 års nedbetaling
- Kun båten som trygd for lånet
- Konkurransedyktige vilkår
- Rask handsaming
- Finansiering av båt kjøpt både privat eller via forhandlar
Det er enkelt å søkje om lån gjennom Brage Finans. Bruk båtlånkalkulatoren nedanfor til å rekne ut lånebehovet ditt. Når du klikkar på «Søk om lån», vert du sendt vidare til Brage sitt søknadssystem.
Kontakt oss gjerne for meir informasjon om båtlån i Brage Finans.
* | Priseksempel Båtlån over 7 meter ved 35 % eigenkapital Lånebeløp 800.000,- innanfor 65 % av kjøpesum, annuitet over 12 år. Nominell rente 3,50 % p.a. Effektiv rente 3,87 % p.a. inkl. etableringskostnad 2.500,- og termingebyr 95,-. Totalt 987.043,-. |
Andre lån
Kontokreditt
Me kan også tilby løns- / brukskontokreditt dersom du får fast inntekt inn på kontoen din. Kreditten kan vere mellombels med til dømes månadleg nedbetaling, eller fast som ein «reserve» på kontoen din.
Andre kortsiktige lånebehov
Det kan vere ei rimelegare løysing å låne pengar i banken enn å kjøpe på avbetaling, eller ta opp kredittkortlån. Rentevilkåra me kan tilby deg er avhengig av kva trygd me kan få for lånet.
Ta kontakt med oss for tilbod.