Den nye pensjonsreforma gjer at dei fleste må spare på eigahand for å oppnå den pensjonen ein ynskjer. Det er viktig å kome tidleg i gang med eigen sparing til pensjon for å få best effekt av sparinga. Det er betre å kome tidleg i gang med eit lite beløp enn å ikkje spare i det heile tatt!
Pensjonen du vil motta den dagen du går av med pensjon er sett saman av:
- Folketrygda
- Tenestepensjon gjennom arbeidsgjevar
- Eigne oppsparte pensjonsmidlar
Bruk pensjonskalkulatoren vår til å rekne ut ein prognose for kva du kan forvente av framtidig pensjon, og ein indikasjon på kor mykje du bør spare på eigahand for å oppnå den pensjonen du ynskjer.
Individuell Pensjonssparing
Slik kan du spare til pensjon og utsetje skatt
Individuell Pensjonssparing (IPS) er ei ny form for pensjonssparing som gir fleire fordeler. Med IPS kan du spare opptil 40.000 kroner i året, og få ei skatteutsetjing på opptil 9.600 kroner. Du slepp å skatte for pengane før du tek dei ut som pensjon, og slik får du avkastning på pengar som elles skulle ha vore innbetalt i skatt. Med IPS slepp du formueskatt på det oppsparte beløpet, og det er ingen skatt på avkastning i spareperioden. Pengane kan du byrje å ta ut når du fyller 62 år, som annan pensjon. Du betalar med dagens satsar kun 24 % skatt ved utbetaling.
IPS-kalkulator
Fordeler med Individuell Pensjonssparing
Spar opptil 40.000 kr. i året
Opptil 9.600 kr. i årleg skattefrådrag (p.t. 24 % av årets sparebeløp)
Ingen formueskatt på oppspart beløp, og ingen skatt på avkastning i spareperioden
Uttak vert skattlagt som alminneleg inntekt (p.t. 24 %)
Sparebeløpet kan justerast undervegs
Du vel sjølv spareprofil og fordeling mellom renter og aksjar
Viktig å tenkje på
- Sparepengane kan tidlegast takast ut når du er 62 år
- Utbetalingstida er minimum 10 år, og utbetalingane skal vere til du er minst 80 år
- Du kan spare i IPS frå du er 18 år til du er 75 år
- Aksjefond mistar skjermingsfrådraget
- Du kan starte ein spareavtale, setje inn eit eingongsbeløp, eller ein kombinasjon av begge deler.
Ofte stilte spørsmål
Ja, sparepengane er låst. Set du pengane inn i IPS, må du vente med å ta ut pengane til du er 62 år. Utbetalingstida er minimum 10 år, og utbetalingane skal vare til du er minst 80 år.
Ved død skal pensjonskapitalen nyttast til barnepensjon. Viss du ikkje har barn, vil den gå til etterlatnepensjon til ektefelle, registrert partnar eller sambuar. Pensjonskapital som ikke vert nytta til barnepensjon eller etterlatnepensjon, vert utbetalt som eit eingongsbeløp til dødsbuet.
Det vil truleg vere lønsamt å stoppe sparinga i «gamal» IPS-avtale (oppretta før 01.11.2017) og opprette ein ny med gunstigare skattereglar. Dersom du ynskjer det, kan du likevel vidareføre sparinga på eksisterande IPS-avtale med same skattereglar som tidlegare. Har du sparing i både gamal og ny IPS-ordning, kan summen av årleg sparing i desse to ikkje utgjere meir enn 40 000 kroner.
Reglane rundt skattleggjing er ulike i den gamle og nye IPS ordninga, så dette er ikkje mogeleg.