Gå til sideinnhold
Heim / Produktartiklar / Slik kan du spara straum

Slik kan du spara straum

Olav Klette fekk installert solceller på taket i sommar: – Det er heilt klart at det er økonomisk gevinst å henta her, spesielt no med dei subsidierte straumprisane, meiner han.

Bilete - Grønt energilån-Solcelle

Forholda til rette

Det var sjølvsagt dei høge straumprisane som fekk ingeniøren på Graue til å endeleg ta steget, og forholda låg godt til rette for han. Med eit stort, sørvendt tak på reiskapshuset, nyleg oppgradert bustad og nok kunnskap til å gjera ein del av monteringa sjølv, fekk Klette 130 kvadratmeter med solcellepanel opp å gå i midten av august.

– Eg er godt nøgd med resultatet, så langt har funksjonen vore på topp. Eg merkar sjølvsagt stor forskjell på klar himmel og overskya vêr, men det vert produsert nokre kilowattimar i døgnet uansett, så lenge det ikkje ligg snø. På eit normalår skal anlegget greia å produsera rundt 24 000 kilowattimar, fortel Klette.

Som den gode ingeniøren han er, nøler han på spørsmålet om kor lang tid det tek før anlegget er nedbetalt:

– Då lyt ein ta stort atterhald om straumpris- og subsidieringsendringar, men akkurat no seier reknestykket rundt 5-6 år.

«Det er heilt klart at det er økonomisk gevinst å henta her, spesielt no med dei subsidierte straumprisane»

Olav Klette

Bør fleire få seg solcellepanel?

Klette gjorde altså mykje av monteringsarbeidet sjølv, og han har meir kunnskap om emnet enn dei fleste andre. Vil han anbefala ”vanlege folk” å skaffa seg solcellepanel?

– Eg anbefalar folk å rekna på det viss ein har ei god, sørvendt plassering til anlegget. Også lyt ein medrekna oppgraderingar knytt til el-anlegget i huset generelt, så det kan vera lurt å kontakta straumnettleverandør før ein set i gang.

I tillegg bør ein setja seg inn i korleis ein balanserer straumoverskot frå den ljose sommartida med den mørke vinteren.

– Ein er jo i utgangspunktet avhengig av ei stabil energikjelde, så når ”kulden set inn og nettene vert lange” er det straumen du har produsert i den ljose tida du gjer deg nytte av, anten i form av overskot ved sal, eller akkumulert straum på solkonto. Her er det viktig at folk set seg inn i vilkåra til straumleverandøren, seier Klette.

Bilete - Grønt energilån-Solcelle

Energirådgjevarar: –Synd at folk pussar opp utan å vita om dette

Bjørnar Helland og Håvard Kvarme Ure frå Verdibygg AS er Enova-godkjende energirådgjevarar på Voss. Enova forvaltar milliardar av statlege midlar årleg, som mellom anna går til energi- og klimatiltak i bustad for privatpersonar.

– Me er opptekne av å få bodskapen om støttepengane frå Enova ut til folk på Voss. Det er synd at det er så mange som pussar opp utan å vita om støtteordningane som finst. Støttetiltaka har vore der frå 2016 – det er dumt at dette ikkje er meir framme i ljoset i desse tider, seier Helland.

Det er særleg uheldig at mange oppgraderer eldre, dårleg isolerte bustader med dårleg energimerking utan å sjekke kva dei kan få i støtte. Om ein oppgraderer isolering av bustaden til dagens standard kan det vera opptil 150.000,- å henta, i tillegg til 47.500,- for installering av solcellepanel, og ulike summar til vannbåren varme, væske-til-vann-varmepumpe, bruk av energirådgjevar og mykje anna.

Smarte val for framtida

Hausten 2022 lanserte Voss Sparebank Grønt energilån, eit nytt låneprodukt for privatpersonar som vil oppgradera bustaden med eitt eller fleire av Enova-tiltaka. Grønt energilån har 0 % i nominell rente ut 2023 og har deretter den same renta som grønt bustadlån.

Bilete - Illustrasjon Berekraft

– Med dette nye låneproduktet vil me vera med å hjelpa dei som vil gjera smarte, grøne og berekraftige val for framtida. I ei tid med høge straumprisar og store klimautfordringar tenkjer me at det er viktig at me som bank legg til rette for at folk skal få gjennomført gode energitiltak i heimane sine, seier Kari Hernes, leiar for privatmarknad i Voss Sparebank.

Med Grønt energilån frå Voss Sparebank kan du få lån med 0 % nominell rente ut 2023 på kostnad knytt til solcellepanel og andre bustadtiltak. For å få Grønt energilån må tiltaket du planlegg må vera eit tiltak som gjev støtte frå Enova.