Gå til sideinnhold
Heim / Låne / Grøne lån / Grønt energilån
Bilete - Illustrasjon Berekraft

Grønt energilån

Ynskjer du å investera i solcellepanel eller gjera andre gode energi- og klimatiltak knytt til bustaden din? Me tilbyr no Grønt energilån til privatkundar med 0 % i nominell rente ut 2023.

Lånet vert gjeve med pant i bustaden, og du kan låna inntil 85 % av den godkjente verdien. Maksimalt lånebeløp er 300.000,-. Det er ein føresetnad at det øvrige bustadlånet også er i Voss Sparebank.

Tiltaket du planlegg må vera eit tiltak som gjev støtte frå ENOVA. Etter at tiltaket er gjennomført, vil me be om dokumentasjon på at lånet er nytta til eit godkjent tiltak. Les meir om kva tiltak som kvalifiserer til støtte.

Frå 2024 får du same vilkår som på Grønt bustadlån.

Kontakt oss

Viss du har ein fast rådgjevar, kan du ta kontakt med rådgjevaren din direkte. Har du ikkje fått tildelt ein fast rådgjevar, kan du kontakta oss på telefon eller e-post, og me finn ein rådgjevar som kan hjelpa deg.

Våre rådgjevarar for privatmarknaden gjev deg gjerne råd og rettleiing om lån, sparing og forsikring.