Gå til sideinnhold

Fond

Sparing i fond kan vera eit godt alternativ til banksparing for deg som har eit langsiktig sparemål. Du kan enkelt oppretta spareavtale til fond gjennom nettbanken og mobilbanken din.

Mange har eit ynskje om å realisere draumar om eigen bustad, hytte, båt, bil eller ferieturar. Sparing i fond passar for deg som ynskjer høgare avkastning på sparepengane enn det du får på ein vanleg sparekonto, og som samstundes er viljug til å ta litt meir risiko. Viss sparehorisonten din er 5-10 år eller lenger, kan det vera eit godt val å starta sparing i fond.

Ynskjer du å spara i fond?

  • Logg inn i nettbanken eller mobilbanken og vel Sparing og deretter Fond og aksjar i hovudmenyen.
  • Du vert då logga inn i Norne sin spareportal.
  • Her kan du etablera aksjesparekonto, fondskonto og individuell pensjonssparekonto.
  • Her kan du kjøpa, løysa inn og reinvestera i fond.
  • Du kan også sjå verdien av fonda du allereie har.

Kva fond skal du velja?

Kva fond du skal velja kjem an på kor høg risiko du vil ta, kor lang sparehorisonten er og kva mål du har for avkastninga. Avkastninga vil mellom anna vera avhengig av marknadsutviklinga og risikoen til fondet.

Banken tilbyr, i samarbeid med Norne Securities fond frå eit utval fondsleverandørar. Dei vanlegaste typane fond er aksjefond, rentefond og kombinasjonsfond. Me tilrår at du nyttar aksjesparekonto for sparing i aksjefond.

Me tilrår å nytta Spareroboten som ligg i Norne sin spareportal. Roboten gjev deg hjelp til å velja fondsprofil ut frå dine sparemål, tidshorisont og risikovilje. Spareroboten finn på ein enkel måte ut kva type fond som passar for deg.

Ver merksam på at historisk avkasting er ikkje noko garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning vil mellom anna vere avhengig av marknadsutviklinga, risikoen i fondet, og kostnadar ved teikning og forvaltning. Avkastninga kan verte negativ som fylgje av kurstap. Sparing i aksjefond er forbunde med høgare risiko enn banksparing.