Pensjon
Det er viktig å tenkja på korleis økonomien som pensjonist vil verta, og tidleg starta med sparing til pensjon.
Den nye pensjonsreforma gjer at dei fleste må spara på eigahand for å oppnå den pensjonen ein ynskjer. Det er viktig å koma tidleg i gang med eiga sparing til pensjon for å få best mogeleg effekt av sparinga.
Det er betre å koma tidleg i gang med eit lite beløp enn å ikkje spara noko i det heile tatt!
Pensjonen du vil motta er sett saman av:
- Folketrygda
- Tenestepensjon gjennom arbeidsgjevar
- Eigne oppsparte pensjonsmidlar