Gå til sideinnhold
Heim / Tryggleik / Sperreteneste
Bilete - Illustrasjon Tryggleik

Sperreteneste

Her finn du informasjon om korleis du sperrar korta dine, nettbanken eller mobilbanken din, eller BankID i tilfelle du har mista kortet, eller mistenkjer at kortinformasjon, passord eller PIN-kodar kan vera på avvegar.

Sperre kort

Viss du har mista kortet ditt, eller har mistanke om at kortinformasjon kan vera på avvegar, må du sperra kortet ditt med ein gong.

Du kan sperra kortet ditt ved å ringja banken si sperreteneste, eller du kan gjera det sjølv i nettbanken eller mobilbanken din.

Sperre BankID

Viss du har mistanke om at andre kan ha fått tilgang til å bruka din BankID, må du sperra tilgangen med ein gong.

Du kan sperra BankID ved å ringja banken si sperreteneste, eller du kan sjølv sperra BankID i nettbanken din.

Sperre nettbank/mobilbank

Viss du har mistanke om at andre kan ha fått tilgang til nettbanken eller mobilbanken din, må du sperra tilgangen med ein gong.

Du kan sperra nettbanken eller mobilbanken ved å ringja banken si sperreteneste.

Lurer du på noko?

Ta gjerne kontakt med oss viss du har spørsmål rundt sperring av kort, nettbank, mobilbank eller BankID, eller har andre spørsmål om tryggleik!