Gå til sideinnhold
Heim / Tryggleik

Tryggleik

Å tenkja tryggleik har alltid hatt topp prioritet for banken. Me gjer alt me kan for at tenestene me tilbyr skal vera trygge å bruka.

Viss du som brukar tenestene våre også tenkjer tryggleik, kan me saman redusera sjansen for at svindlarar lukkast med å lura oss.

Bilete - Illustrasjon Tryggleik

På denne sida vil me hjelpa deg til å ha fokus på tryggleik. Du vil finna informasjon om korleis du sperrar kortet, nettbanken, mobilbanken eller BankID-en din viss uhellet skulle vera ute.

Du vi også finna tips og råd til ein tryggare bruk av tenestene våre, og me vil leggja ut aktuelle nyhende om svindel og andre tema som har med tryggleik å gjera.

Stop, tenk, sjekk

Dei ulike aktørane i finansnæringa har gått saman om kampanjen No way – du lurer ikke meg. Målet med kampanjen er å læra nordmenn sjølvforsvar mot svindel ved å identidisera og unngå svindelforsøk.

Bilete - Illustrasjon Tryggleik

Råd for å unngå å verta svindla

  • Oppgje aldri BankID-kodar, passord eller kort- og kontoinformasjon til nokon.
  • Banken vil heller aldri be deg om å oppgje slike opplysningar. Er du i tvil om det er banken som ringjer deg, sender e-post eller SMS? Ta kontakt med oss før du føretek deg noko.
  • Ikkje still kontoen din til disposisjon for overføringar frå ukjende. Det kan vera straffbart.
  • Mistenkjer du at ein e-post eller SMS er eit svindelforsøk, ikkje svar elller klikk på lenkjer eller vedlegg. Slett e-posten eller SMS-en.
  • Sørg for å skifta passord for e-post, sosiale medier og andre tenester jamnleg.
  • Svindel via sosiale medier aukar. Dei lokkar med kjærleik eller store gevinstar i investeringsmarknaden. Ikkje la deg lura.
  • Ver obs ved netthandel, og forsikra deg om at nettsida er trygg å handla på.