LOKALBANK Privat
Det er alltid lurt å ha eit ekstra kort. Eit kredittkort gjev deg ekstra tryggleik, på reise eller når du handlar på nett.
Fordelen med eit kredittkort er at pengane ikkje vert trekt rett frå kontoen din. Du får ein faktura i ettertid, slik at du kan kontrollera at alle betalingar er korrekte. Dette gjev ekstra tryggleik ved bruk på reise og ved netthandel.
I tillegg er det praktisk å ha eit reservekort både viss det vanlege kortet ditt skulle verta vekke eller øydelagt, eller viss det skulle dukke opp nokre uføresette utgifter.
Kredittkortet vårt heiter LOKALBANK Privat, og er eit VISA kredittkort som kan nyttast over heile verda. Me tilbyr kortet i samarbeid med våre samarbeidsbankar i Lokalbank.
Søk om LOKALBANK Privat
Du kan enkelt søkja om LOKALBANK Privat på Lokalbank sine kredittkortsider.
Klikk på knappen nedanfor for å koma i gang.
Fordelar
Reise- og avbestillingsforsikring
Betalar du minimum 50 % av reisekostnadene til transport og overnatting med kredittkortet, får du automatisk reise- og avbestillingsforsikring inkludert.
Kredittbanken App
Med appen «Kredittbanken» så har du kredittkortet ditt lett tilgjengeleg uansett kor du er. Du kan mellom anna sjå transaksjonar på kortet, henta PIN-koden, og overføra frå kortet eller setta inn penger på kortet.
Appen kan lastast ned til både iOS og Android.
Kontaktlaus betaling
Kortet er eit kontaktlaust kort, slik at det kan nyttast til kontaktlaus betaling. Du kan enkelt «tæppe» kortet på betalingsterminalen når du skal betale.
Lokalbank og Kredittbanken
Me tilbyr LOKALBANK Privat i samarbeid med våre samarbeidsbankar i Lokalbank og Kredittbanken.
Les meir om kortet på Lokalbank sine kredittkortsider.