Mastercard Gold
Mastercard Gold er eit kredittkort utan etableringsgebyr eller årsavgift, og er gebyrfritt ved varekjøp og netthandel.
Fordeler med Mastercard Gold
- Ingen årsavgift
- Gebyrfrie varekjøp
- Inntil 45 dagar rentefri betalingsutsetjing
- Reise- og avbestillingsforsikring inkludert
Vilkår
Produkt | Nominell | Effektiv | |
---|---|---|---|
Mastercard Gold 1 | 25,57 % | 30,33 % |
1 ) 15.000,- over 12 månader, kostnad 1.717,-, totalt 16.717,-.
Med Mastercard Gold får du inntil 45 dagar rentefri utsetjing på betalinga. Du kan sjølv velja om du vil betala heile beløpet ved forfall, eller utsetja heile eller deler av betalinga. Utset du betalinga, vil renter tilfalla uteståande kreditt.
Mastercard Gold er tilgjengeleg i kortoversikta i nettbanken og mobilbanken saman med dei andre korta dine. Du vil finna informasjon om kortet ditt, disponibel kreditt, siste transaksjonar, og funksjon for å overføra frå kredittkortet til bankkontoen din. Dersom du har avtale om eFaktura, vil tidlegare fakturaer vera tilgjengelege i eFakturaarkivet.
Mastercard Gold er eit samarbeid mellom Voss Sparebank og Entercard Norge, filial av Entercard Group AB (org.nr 919 061 545), der Entercard er kredittgjevar. Kredittenestene knytt til produktet vert utstedt under varemerket Entercard.
Du må ha BankID for å få kredittkortet vårt. Dersom du har spørsmål knytt til kortet ditt, kan du ta kontakt med Entercard direkte på telefonnummer 73 89 77 56.
Fordeler
- Ingen årsavgift
- Gebyrfrie varekjøp
- Inntil 45 dagar rentefri betalingsutsetjing
- Mastercard Gold kan brukast både i Noreg og i utlandet
- Reise- og avbestillingsforsikring er inkludert når minimum 50% av reisa er betalt med kortet.
- Døgnopen sperreteneste med tilgang til nødkontantar og/eller nødbillettar.
- Bruk Mastercard Gold ved handel på internett. Du får faktura i ettertid, og har såleis full kontroll.
- Sikker netthandel med Mastercard SecureCode.
- Du får tilgang til Mastercard Gold Fordel som gir deg opptil 25 % cashback i over 200 nettbutikkar.