Gå til sideinnhold
Bilete - Illustrasjon Apple Pay

Apple Pay

Med Apple Pay kan du enkelt betala med Apple-produktet ditt, både i butikken, via appar og på nett.

Enkelt

Med Apple Pay betalar du enkelt i butikk, på nett og i App.

Tilgjengeleg

Alt du treng å ha med deg er iPhone eller Apple Watch.

Sikker betaling

Kortnummeret ditt vert ikkje lagra på nokon brukarstader.

Kom i gang med Apple Pay

Apple Pay er enkelt å setja opp.

Slik kjem du i gang frå mobilbanken:
  • Logg inn i Voss Sparebank sin mobilbank
  • Trykk på «Meny» og «Kort»
  • Vel det kortet du ynskjer å leggja til, og trykk på «Legg til i Apple Wallet»
  • Fylg instruksane og godkjenn vilkåra
Slik kjem du i gang i Apple Wallet:
  • Gå til Wallet-appen (lommebok) på iPhonen din
  • Trykk på + (symbolet)
  • Skann kortet ditt og legg inn CVC-koden. Du kan også leggja til kortet manuelt om du heller ynskjer det
  • Fylg instruksane og godkjenn vilkåra

Om Apple Pay

Apple Pay er ein trygg, og enkel måte å betala på, og kan nyttast på butikkar, restaurantar og mange andre stader.

Som kunde kan du enkelt halda din iPhone eller Apple Watch nær ein betalingsterminal for å gjera ei kontaktlaus betaling. Kvart kjøp må godkjennast med anten ansiktsattkjenning, fingeravtrykk eller eit passord saman med ein dynamisk tryggleikskode.

Du kan nytta Apple Pay på iPhone, iPad, Apple Watch eller Mac for å gjera det raskare og meir praktisk å handla noko på nett utan å måtte oppretta kontoar eller gjenta frakt- og faktureringsinformasjon fleire gonger.

Tryggleik og personvern er kjerna i Apple Pay. Når du legg inn kortet ditt i Apple Pay, vil ikkje det faktiske kortnummeret ditt verte lagra, korkje på eininga di eller hjå Apple. I staden vert det tildelt eit unikt brukarnummer, som vil verte kryptert og lagra sikkert i «Secure Element» på eininga di. Kvar transaksjon vert godkjent med ein unik dynamisk eingongskode.

Legg til kortet ditt. Det er fort gjort

Du legg enkelt til kortet ditt i Apple Pay. Anten i mobilbankappen eller i Wallet frå mobilen. Du kan også trykkja på knappen nedanfor så kjem du rett til Wallet.

Bilete - Illustrasjon Apple Pay
Bilete - Tilsett

Treng du hjelp til Apple Pay? Kontakt oss gjerne!

Ofte stilte spørsmål

Kva er Apple Pay?

Det er ei teneste frå Apple som gjer det enkelt å betala med din iPhone, Apple Watch, iPad eller Mac.

Kvar kan eg bruka Apple Pay?

Du kan bruka Apple Pay på alle brukarstader som aksepterer kontaktlause betalingar, og i nettbutikkar og appar dersom dei har avtale om betaling med Apple Pay.

Kva må eg ha for å bruka Apple Pay?

Her kan du finna kva einingar som er kompatible med Apple Pay: https://support.apple.com/no-no/HT208531.

Er det trygt bruka Apple Pay?

Ja, det er trygt å bruka Apple Pay. Når du betalar med Apple Pay vil ikkje kortnummeret ditt vere lagra korkje på eininga eller på Apple sine serverar. Kortnummeret vil heller aldri verte delt med brukarstaden.

Korleis betalar eg med Apple Pay?

Du kan betala med Apple Pay i alle butikkar som aksepterer kontaktlaus betaling. Sjå etter symbolet for kontaktlaus betaling. Du kan òg betala i nettbutikkar og appar som støttar Apple Pay. Sjå etter symbolet «betal med Apple Pay».

Hald telefonen tett på betalingsterminalen og godkjenn på ein av måtane under:

  • Med FaceID: Trykk 2 gonger på knappen på sida av telefonen og hald den framfor ansiktet ditt.
  • Med TouchID: Hald fingeren din på heim-knappen.
  • Med Apple Watch: Trykk 2 gonger på sida av klokka og hald skjermen eit par cm frå betalingsterminalen. Når du kjenner ein liten vibrasjon er betalinga gjennomført.
  • Etter at betaling er gjennomført, vil det stå «ferdig» på skjermen.
Dersom eg sperrar kortet mitt, vil det då vere sperra i Apple Pay òg?

Ja, dersom du sperrar kortet ditt kan det ikkje brukast nokon stader.