Mobil- og klokkebetaling
Har du gløymt lommeboka di heime? Med mobil- og klokkebetaling er ikkje det noko problem, og du kan raskt og enkelt betala for varer og tenester med mobiltelefonen eller smartklokka di.
Sikkert
Alle betalingar må godkjennast med kode, FaceID eller TouchID.
Raskt
Det tek berre nokre få sekund å betale med mobil eller smartklokke.
Enkelt
Inga lommebok, ingen myntar eller setlar – kun mobil eller klokke.
Betal med mobil eller smartklokke
Det er enkelt å betala med mobil eller smartklokke.
For å betala med mobilen eller klokka di i butikk, treng du fyrst å lasta ned ein app og leggja til bankkortet ditt i denne. Kortet ditt vert då lagra i ei «digital lommebok».
Når kortet ditt er lagt inn og lagra i mobil-appen eller i klokka di, er du klar til å betala kontaktlaust med mobilen eller smartklokka di i butikken.