Garmin Pay
Med Garmin Pay kan du erstatta det fysiske bankkortet ditt med ei smartklokke, og nytta klokka til å betala.
Kom i gang med Garmin Pay
- Last ned appen Garmin Connect på mobilen din
- Legg inn kortet ditt i Garmin Pay i appen
- Aksepter vilkår
- Stadfest både identitet og kortopplysningar med eingongskode som du får på SMS
Betal med Garmin Pay
Du kan betala med Garmin Pay på alle betalingsterminalar som er merka med symbolet for kontaktlaus betaling.
Slik betalar du:
- Aktiver skjermen på klokka di og vel Garmin Pay
- Vel kortet du vil betala med
- Hald klokka inntil betalingsterminalen
- Betalinga er godkjent når både betalingsterminalen og klokka viser «Godkjent». Du får også ei stadfesting som pushvarsel på telefonen din.
Ofte stilte spørsmål
Kostar det noko å bruka Garmin Pay?
Nei, det kostar ingenting å bruka Garmin Pay.
Kva kort kan eg leggja inn i Garmin Pay?
Du kan leggja inn VISA Debit og VISA Online i Garmin Pay.
Kor sikkert er det å bruka Garmin Pay?
Garmin Pay nyttar eit digitalt kortnummer – eit såkalla «token» i staden for kortnummeret ditt. Tokenet vert kryptert og lagra sikkert i appen og på klokka. Det vanlege kortnummeret ditt vert aldri lagra på mobiltelefonen, i klokka eller på Garmin sine serverar. Kortnummeret vert aldri delt med betalingsstaden. Dette gjev ein god tryggleik for deg som brukar Garmin Pay.
All bruk av Garmin Pay må godkjennast med PIN-kode dersom du har teke av deg klokka sidan forrige gong du tasta inn PIN-koden på klokka. Du vert også bedt om å taste PIN-koden innimellom som ein ekstra tryggleik.
Eg ser ei ukjent betaling i Garmin Pay. Kva gjer eg?
Sperr kortet ditt i mobilbank eller nettbank, eller ta kontakt med sperretenesta vår på tlf. +47 56 52 03 00 – tast 2.
Eg har mista Garmin-klokka mi. Kva gjer eg?
Sperr kortet ditt i mobilbank eller nettbank, eller ta kontakt med sperretenesta vår på tlf. +47 56 52 03 00 – tast 2.