Gå til sideinnhold
Bilete - Illustrasjon Mobilbetaling Google Pay

Google Pay

Med Google Pay kan du både enkelt og sikkert betala med mobilen i butikken, på nett og i apppar. Det tek berre sekundar.

Kom i gang med Google Pay

Du kan aktivera Google Pay på to måtar – i mobilbanken vår eller frå Google Wallet. Du vel kva kort du vil leggja til i Google Pay, og fylgjer enkelt rettleiinga for å koma i gang.

Aktiver i mobilbanken

  • Logg inn i mobilbanken
  • Vel «Kort» -> «Google Pay» i menyen
  • Vel kortet du vil leggja til
  • Aksepter vilkår
  • Fylg rettleiinga

Aktiver i Google Wallet

  • Last ned Google Wallet frå Google Play
  • Legg inn kortet ditt frå Voss Sparebank
  • Aksepter vilkår
  • Fylg rettleiinga

Merk deg at dersom du skal kunne bruka Google Pay må du ha ei eining med Android sitt operativsystem. For at tenesta skal fungera, krev det at eininga har versjon 5.0 eller nyare med innebygd NFC (Neard Field Communication).

Betal med Google Pay

Du kan nytta Google Pay på alle kortterminalar som er merka med symbolet for kontaktlaus betaling, både i Noreg og i utlandet. Du kan også nytta Google Pay i nettbutikkar og appar som tilbyr Google Pay som betalingsalternativ.

Slik betalar du med Google Pay

  • Lås opp mobilen din og hald den inntil betalingsterminalen
  • Betalinga er godkjent når du ser ei kvit hake i ein blå sirkel på skjermen din

Du treng ikkje å opna appen.

Ofte stilte spørsmål

Kostar det noko å bruka Google Pay?

Nei, det kostar ingenting å bruka Google Pay.

Kva kort kan eg leggja inn i Google Pay?

Du kan leggja inn VISA Debit og VISA Online i Google Pay.

Kva er aldersgrensa for å bruka Google Pay?

Google har sett ei nedre aldersgrense på 16 år.

Kor sikkert er det å bruka Google Pay?

Når du betalar med Google Pay må telefonen låsast opp med fingervatrykk, ansiktsattkjenning eller PIN-kode.

I tillegg vert det nytta eit såkalla «token» i staden for kortnummeret ditt. Tokenet erstattar tradisjonelle kortdetaljar slik at betalinga kan gjennomførast utan at kortnummer, utløpsdato og CVV2-kode vert overført frå eininga til betalingsterminalen. Bruk av token vernar med andre ord kortdetaljane dine, og gjev ein ekstra tryggleik.

Når du nyttar kortet ditt til mobilbetaling er du omfatta av same garantiar og tryggleiksfunksjonar som når du nyttar kortet på vanleg måte i butikk eller på nett.

Eg ser ei ukjent betaling i Google Pay. Kva gjer eg?

Sperr kortet ditt i mobilbank eller nettbank, eller ta kontakt med sperretenesta vår på tlf. +47 56 52 03 00 – tast 2.