Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Me reduserer rentene
Bilete - Illustrasjon prosent

Me reduserer rentene

Noregs Bank sette 18. september ned styringsrenta, og Voss Sparebank fylgjer etter og set ned rentene på utlån og innskot med inntil 0,25 prosentpoeng.

For nye utlån gjeld dei nye rentene frå 22. september.

For innskot og eksisterande utlån vil dei nye rentene gjelda frå 25. november.

Me praktiserer åtte vekers varsling for eksisterande kundar ved rentejusteringar, anten renta går opp eller ned. Dette gjev føreseielegheit for både innskots- og utlånskundar som opplever rentejusteringar positivt eller negativt alt etter kva veg renta går. Ved å praktisera same frist når renta går opp og når renta går ned, veit kundane kva dei skal forhalde seg til, uavhengig av kva veg renta rører seg.

Varsel om renteendringa vil koma i nettbanken/mobilbanken i løpet av kort tid. I samband med utsendinga av denne informasjonen vil ein også motta ein SMS om at «du har fått ei viktig melding frå banken». Informasjonen om renteendringa finn du under «Bankmeldingar» i menyen.

Kundar som ikkje har nettbank vil motta brev i posten.