Gå til sideinnhold
Bilete - Illustrasjon Kort

Han Ivar på kortet

Voss Sparebank har eit ynskje om å vera pådrivar for nynorsk generelt, og innan bank og finans spesielt. Dette veit me at kundane set pris på, og me har støtt hatt fokus på å nytta nynorsk i banken.

Som kunde i nynorskbanken Voss Sparebank kan du få han Ivar på bankkortet ditt, og på den måten visa for omverda at du òg er ein ambassadør for nynorsken!

Kortet er laga av nynorskmannen Per Finne, og bilete har me fått låna av Nynorsk kultursentrum. Me vonar du likar kortet like godt som me gjer.