Gå til sideinnhold
Heim / Tryggleik / Tryggleikstips

Tryggleikstips

Generelt

  • Alle tryggleiksmekanismar (passord, PIN-kodar, kodekort m.v.) er å sjå på som «verdipapir», og må difor handsamast med varsemd. Personlege passord og PIN-kodar må ikkje røpast for nokon, heller ikkje overfor politiet, banken, eller husstandsmedlemmer. Lær passord og PIN-kodar utanat!
  • Ikkje bruk funksjonar som lagrar informasjon som brukarnamn, passord o.l. på datamaskina, nettbrettet eller mobiltelefonen din.

    Slett passord som eventuelt allerie er lagra.
  • Ved tap, eller mistanke om tap av ein eller fleire tryggleiksmekanismar, må banken kontaktast snarast. Enkelte av tenestene våre har eigne sjølvbetjente funksjonar for sperring.
  • Det er viktig å verna datamaskiner mot virusangrep og uautorisert tilgang. Installer difor antivirusprogramvare og personleg brannmur på maskina di, og oppdater denne jamnleg. Utfør også tilrådde oppdateringar av operativsystem, nettlesarar og anna programvare (Windows, Edge, macOS, Safari o.s.b.).
  • Vern maskina di med brukarnamn og passord.
  • Bruk skjerm-/tastelås med personleg kode på mobiltelefonar og nettbrett. Oppdater eininga med tilrådde oppdateringar av operativsystem, appar m.v.
  • Ver kritisk til e-post og SMS frå ukjende avsendarar. Ikkje opne vedlegg eller klikk på lenkjer i slike meldingar viss du ikkje kjenner til avsendaren.

Kort

  • Oppbevar kortet som eit verdipapir
  • Oppbevar aldri kort og PIN-kode saman. Lær det PIN-koden utanat!
  • Skjul alltid inntasting av PIN-koden i minibankar og betalingsterminalar.
  • Kontroller at det ikkje er montert ekstra deksel eller liknande – såkalla skimmingutstyr – på minibanken før du set inn kortet.
  • Dersom kortet ditt vert ståande fast utan at minibanken fortel at det er slukt – kontakt politiet og bli ved minibanken til dei kjem. Ikkje takk ja dersom ein eller fleire «hjelpsomme» personar ber deg om å taste PIN-koden din inn på nytt!
  • Ikkje legg kortet frå deg i baren ved restaurantbesøk.
  • Kontroller alltid rekninga før du signerer.
  • Kontakt banken straks viss du oppdagar transaksjonar du ikkje kjenner til.
  • Meld straks frå til banken dersom du mistar kortet ditt. Det er lurt å lagre nummeret til banken si sperreteneste på telefonen din. Då har du det alltid for handa viss du skulle få bruk for det.

BankID

  • Ein BankID er personleg, og skal aldri nyttast av andre enn den personen den er utstedt til. BankID som elektronisk legitimasjon er å samanlikna med eit vanleg fysisk identitetskort. Ein elektronisk signatur med BankID er like bindande som ein handskriven signatur på papir.
  • Det personlege passordet må ikkje røpast for nokon, heller ikkje overfor politiet, banken, eller husstandsmedlemmer. Lær passordet utanat!
  • Passordet må innehalda minst 8 teikn. Bruk gjerne fleire teikn, og både tal og bokstavar. Ikkje bruk passord det er enkelt å gjetta seg fram til (fødselsdatoar, telefonnummer, initialar o.s.b.). Endre passordet med jamne mellomrom, og ikkje bruk same passord som du brukar andre stader.
  • Logg deg alltid ut av tenester der du har bruk BankID når du er ferdig.
  • Har du mistanke om at nokon har fått kjennskap til BankID-passordet ditt, eller på annan måte skaffa seg tilgang til din BankID, må du straks sperra tilgangen til din BankID. Dette kan du gjera sjølv i nettbanken din, eller du kan kontakta banken si sperreteneste.

Nettbank

  • Oppbevar kodebrikka slik at den ikkje kjem uvedkomande i hende.
  • Det personlege passordet må ikkje røpast for nokon, heller ikkje overfor politiet, banken, eller husstandsmedlemmer. Lær passordet utanat!
  • Ikkje bruk funksjonar som lagrar informasjon som brukarnamn, passord o.l. på datamaskina eller nettbrettet ditt. Slett passord som evt. allereie er lagra.
  • Mista eller stole kodebrikke må sperrast snarast. Kontakt banken si sperreteneste.
  • Dersom du har mistanke om at nokon har fått kjennskap til passordet ditt, må du endra dette snarast i nettbanken din, eller kontakta banken.
  • Kontakt banken straks viss du oppdagar transaksjonar du ikkje kjenner til.
  • Dersom du ser eller opplever noko unormalt ved pålogging til nettbanken, eller ved bruk av nettbanken elles, må du straks kontakta banken.
  • Logg alltid ut av nettbanken når du er ferdig slik at ikkje uvedkomande får tilgang til den.