Gå til sideinnhold
Heim / Om oss / Historie

Historie

Bilete - Illustrasjon Banken Historie

Dette er fyrste paragraf i framlegget til vedtekter for Voss Sparebank som vart utarbeidd våren 1842.

Det er litt usikkert kven som eigentleg tok initiativet til å skipa banken, men truleg var det ordførar Arnoldus Koren og sorenskrivar Jens Skagen som utarbeidde framlegget til vedtekter. Vedtektene vart endeleg godkjent ved kongeleg resolusjon 14. juni 1843.

15. november 1843 vart fyrste møte i forstandarskapet halde. Det var dei 24 skiparane av banken, med Koren og Skagen i spissen, som utgjorde banken sitt fyrste forstandarskap. Dei 24 forstandarane la til saman 255 spesiedalar til eit «Sikkerheds Indskud».

Banken opnar dørene

Sundag 24. november 1843 opna Voss Sparebank dørene for fyste gong. Bankmøte, som det vart kalla den fyrste tida, vart halde annankvar sundag i den gamle tingstova på Vangen. Den fyrste innskytaren i Voss Sparebank var Catarina Johansdatter Vinje, som sette inn 31 Spd. 3 Ort 15 sk. opningsdagen. Talet på innskytarar auka jamnt og trutt, og ved utgangen av fyrste heile driftsåret (1844) hadde banken 170 innskytarar. Året etter kom det 206 nye til.

På flyttefot….

Som nemnt heldt banken dei fyrste åra hus i den gamle tingstova på Vangen. Etter nokre år i Formannskapsbygningen og Styrk Ullestad sitt hus, kjøpte banken i 1867 den gamle arreststova på Vangen. Dette huset vart seinare utvida og påbygt. 1932 flytta banken inn i den nye foretningsgarden sin i Vangsgata. Nybygget vart reist etter teikning av arkitetkt Erlend Tryti, og kosta kr 193.000,-.

Banken held framleis til i dette bygget, og er i dag banken sitt hovudkontor. I 2009 – 2011 vart bygget totalrenovert og påbygt, og banken heldt i denne perioden til i midlertidige lokale i Vangsgata 16 og Uttrågata 32.

22. mai 2011 var det offisiell opning av nybygget.

Bilete - Illustrasjon Banken Historie

Voss Sparebank som «sentralbank»

Under 2. verdskrig fann nokre av dei mest spesielle delene av banken si historie stad. I dagane etter den tyske invasjonen 9. april 1940 vart Voss Sparebank ein del av dramatiske militære og krigsfinansielle hendingar.

På grunn av den store mobiliseringa på Voss vart det raskt mangel på betalingsmiddel. Sidan det var umogleg å koma i kontakt med Noregs Bank, vart det bestemt at det skulle trykkast opp eigne pengesetlar signert av general Steffens.

Dei såkalla «Steffenssetlane», som også var dei fyrste norske pengesetlane med nynorsk tekst, vart teikna av vossakunstnaren Olaf Hustvedt, og trykt i lokalavisa Hordaland. Det vart trykt setlar for til saman 350.000 kroner som vart oppbevart i banken sitt kvelv.

15. april vedtok banken sitt styre at «Steffenssetlane» skulle aksepterast som betalingsmiddel på lik linje med setlar utstedt av Noregs Bank.

Endringar i bankstrukturen

Banken har heilt sidan starten vore ein frittståande og sjølvstendig bank. Men også i Voss Sparebank si over 175 år lange historie har det vore nokre strukturelle endringar.

På 60-talet var det fleire krefter som tilrådde å slå mindre bankar saman til større einingar. Evanger Sparebank (skipa i 1886) gjorde i 1960 vedtak om å slå seg saman med ein annan bank. Etter forhandlingar med Voss Sparebank vart Evanger Sparebank med verknad frå januar 1963 ein filial av Voss Sparebank. Filialen på Evanger var sidan dette i drift – på slutten med ein kontordag i veka – fram til den vart avvikla 1. august 2009.

På same tidspunkt som samanslåinga med Evanger Sparebank, vart det også innleia samtalar med Vossestrand Sparebank (skipa 1876) med tanke på ei eventuell samanslåing av desse to bankane. Det skulle likevel gå 20 år før samanslåinga vart gjennomført. I mai 1985 vart Vossestrand Sparebank slått saman med Voss Sparebank.

I 1985 opna banken filial i Uttrågata 32. Filialen var i drift fram til det vart avvikla i samband med opninga av det ombygde hovudkontoret i mai 2011.

Banken og lokalsamfunnet

Voss Sparebank gjev kvart år ein del av overskotet attende til bygda – mellom anna i forma av ålmennyttige gåver og gjennom sponsoravtalar. Den fyrste ålmnennyttige gåva vart gitt alt i 1853, og gjekk til Vos Præstegjælds Allmuebibliotek, som fekk 15 spesiedalar til nytte for folkeopplysinga.

Også dei seinare åra har banken ytt gåver til beste for bygda – utstyr til sjukehuset, orgelet i Vangskyrkja, ombygging av Ole Bull Akademiet, og lydanlegg til Vossa Jazz er døme på prosjekt banken har gitt tilskot til. Kulturlivet har fått verdfulle tilskot, og det er gjort heimkjøp av lokal kunst.

Banken i dag

Frå den spede starten i 1843 og fram til i dag har Voss Sparebank utvikla seg til ein moderne bank som tilbyr eit vidt spekter av produkt og tenester. I tillegg til dei tradisjonelle banktenestene, sel banken også forsikring, og formidlar ulike former for aksje- og fondsprodukt.

Mange av tenestene er i dag tilgjengelege gjennom ulike elektroniske sjølvbeteningskanalar.