Fond og aksjar
Viss du har eit langsiktig sparemål, kan sparing i fond og aksjar vera eit alternativ til banksparing. Det har vist seg over tid at sparing i fond og aksjar kan gje betre avkastning enn andre spareformer.
Banken er deleigar i verdipapirføretaket Norne Securities, og kan gjennom dette som tilknytt agent ta i mot og formidla ordrar om kjøp og sal av fond, aksjar og andre verdipapir.
Gjennom nettbanken og mobilbanken har du enkel tilgang til Norne Securities si netthandelsløysing for fond og aksjar.
Fond
Sparing i fond kan vera eit godt alternativ til banksparing for deg som har eit langsiktig sparemål. Det finst ulike typar fond – aksjefond, rentefond, eller kombinasjonsfond.
Aksjar
Plassering i enkeltaksjar passar for deg som ynskjer størst mogeleg avkastning, og som samstundes er villig til å ta ein høgare risiko.
VPS Investortjenester
VPS Investortjenester er ein portal som gjev deg oversikt over VPS-registrerte verdipapir som aksjar, obligasjonar og fondsandeler på tvers av alle bankar og meklarhus.
Du vil også finna endringsmeldingar, årsoppgåver og andre meldingar som har vorte sendt til deg. Du får også oversikt over verdipapirtransakasjonar, og kva opplysningar som er registrert på VPS-kontoane dine, som til dømes adresse, og bankkonto for utbetaling/trekk i samband med kjøp og sal.