Aksjar
Voss Sparebank er tilknytt agent til Norne Securities, og kan gjennom dette agentforholdet tilby mottak og formidling av ordre på vegne av kunde i samband med eitt eller fleire finansielle instrument.
Norne Securities er eit fullservice verdipapirføretak som tilbyr internetthandel, tradisjonelle meklartenester og corporate finance-tenester. Norne Securities er underlagt konsesjon av Finanstilsynet til å tilby fylgjande investeringstenester:
- Mottak og formidling av ordre på vegne av kunde i samband med eitt eller fleire finansielle instrument som definert i vphl §2-2.
- Utføring av ordre på vegne av kunde
- Omsetjing av finansielle instrument for eiga rekning
- Investeringsrådgjeving som definert i vphl §2-4 første ledd
- Plassering av offentlege tilbod som nemnt i vphl kapittel 7, plassering av emisjonar, og garantistillelse for fullteikning av emisjonar eller tilbod om kjøp av finansielle instrument.
Handelsløysing for verdipapir
Gjennom agentforholdet banken har med Norne Securities kan me tilby deg som kunde tilgang til handelsløysing for verdipapir gjennom nettbanken vår. For å få tilgang til handelsløysinga må du ha nettbank hjå oss. Viss du ikkje har nettbank frå før, tek du kontakt med oss og me hjelper deg i gang.
Det er enkelt å bli kunde i Norne Securities si handelsløysing:
- Logg deg inn i nettbanken på vanleg måte
- Vel Aksjehandel i menyen
- Følg rettleiinga for å registrere deg som kunde
- Når kundeforholdet er oppretta vil du motta e-post frå Norne Securities
Velkomsttilbod
Registrer deg som kunde i dag, og du slepp å betale minimumskurtasje på kr. 95,- i 3 månadar. Etter dei tre fyrste månadane betalar du ordinær kurtasje på 0,05% – minimun kr 95,- pr.handel.
Dette får du tilgang til gjennom handelsløysinga
- Handel i aksjar, ETF’ar, eigenkapitalbevis, teikningsrettar, warrants og finansielle sertifikat på Oslo Børs og Oslo Axess.
- Handel i unoterte aksjar på OTC-lista i Noreg.
- Integrerte kjøps- og salsanbefalingar, analyser og marknadsrapportar.
- Realtidskursar og porteføljeoversikt.
- Nyhende frå Oslo Børs, Hugin m.v.
- Låg kurtasje – frå 0,05% – minimum kr 95,-. Voss Sparebank mottek ein del av kurtasjen for handel utført av kundar som banken har formidla og vist til Norne Securities.
Fond
Mange har eit ynskje om å realisere draumar om eigen bustad, hytte, båt, bil eller ferieturar. Sparing i fond passar for deg som ynskjer høgare avkastning på sparepengane enn det du får på ein vanleg sparekonto, og som samstundes er viljug til å ta litt meir risiko. Dersom sparehorisonten din er 5-10 år eller lenger, kan det vera eit godt val å starta sparing i fond.
Ynskjer du å spara i fond? Slik gjer du det:
Logg inn i nettbanken eller mobilbanken og vel Sparing og deretter Fondshandel.
- Du vert då logga inn i Norne sin spareportal.
- Her kan du etablera aksjesparekonto, fondskonto og individuell pensjonssparekonto.
- Her kan du kjøpa, innløysa og reinvestera i fond.
- Du kan også sjå verdien av fonda du allereie har.
Kva fond skal du velja?
Kva fond du skal velja kjem an på kor høg risiko du vil ta, kor lang sparehorisonten er og kva mål du har for avkastninga. Avkastninga vil mellom anna vera avhengig av marknadsutviklinga og risikoen til fondet. Banken tilbyr, i samarbeid med Norne Securities fond frå eit utval fondsleverandørar. Dei vanlegaste typane fond er aksjefond, rentefond og kombinasjonsfond. Me tilrår at du nyttar aksjesparekonto for sparing i aksjefond. Les meir om aksjesparekonto.
Me tilrår å nytta Spareroboten som ligg i Norne sin spareportal. Roboten gjev deg hjelp deg å velja fondsprofil ut frå dine sparemål, tidshorisont og risikovilje. Spareroboten finn på ein enkel måte ut kva type fond som passar for deg.
Ver merksam på at historisk avkasting er ikkje noko garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning vil mellom anna vere avhengig av marknadsutviklinga, risikoen i fondet, og kostnadar ved teikning og forvaltning. Avkastninga kan verte negativ som fylgje av kurstap. Sparing i aksjefond er forbunde med høgare risiko enn banksparing.
Aksjesparekonto
Voss Sparebank tilbyr aksjesparekonto gjennom vår samarbeidspartnar Norne Securities AS.
- Når du har aksjesparekontoen din i Voss Sparebank får du enkel tilgang til fond og aksjar i nettbanken og mobilbanken.
- Med aksjesparekonto kan du flytta pengane dine mellom ulike aksjefond eller enkeltaksjar utan at du må betala skatt på vinsten før du tek ut pengane.
- Du kan også ta ut investert beløp frå aksjesparekontoen og halda fram med å investera avkastninga utan å betala skatt. Dette gjeld for både aksjar og aksjefond.