Gå til sideinnhold
Heim / Spare / Banksparing / BSU x2
Bilete - Illustrasjon Sparing

BSU x2

BSU x2 er ein bustadsparekonto for deg mellom 13 og 33 år, som har BSU i Voss Sparebank og vil spare meir enn maksbeløpet for vanleg BSU.

Me kan ikkje gje deg skattefrådrag på BSU x2, men du får like høg rente som på vanleg BSU-konto.

Fordelar med BSU x2

  • Høg rente
  • Du vel sjølv kor mykje du vil spara
  • Trygg og sikker plassering av sparepengane

Kontakt oss om BSU x2

Ta kontakt med oss for å oppretta BSU x2.

Har du BSU-konto i ein annan bank, hjelper me deg med å flytte kontoen!

Reglar

  • Du kan spara inntil kr 27.500,- i året.
  • Du kan spara kr 300.000,- totalt på BSU x2.
  • Du kan overføra pengar frå BSU x2 til vanleg BSU-konto.
  • Du må ha BSU i Voss Sparebank. Har du BSU i annan bank, hjelper me deg med å flytta kontoen til oss.
  • Pengane må nyttast til kjøp av bustad, eller nedbetaling av lån på ein bustad du har kjøpt.
  • Ved anna uttak enn bustadføremål betalar du 3 % av saldo, og konto vert avslutta.
  • Sparesum innbetalt i år kan likevel disponerast fritt.
  • Når du avsluttar BSU-kontoen, vil også BSU x2 verte avslutta.
  • Vilkåra gjeld til og med det året du fyller 33 år.
  • BSU x2 kan opprettast berre ein gong.

Sparing

Betalar du skatt bør du fylla opp BSU-kontoen før du sparar i BSU x2, grunna skattefrådraget BSU-sparinga gjev.

Bruk nettbank eller mobilbank

I nettbanken og mobilbanken vil du heile tida ha kontroll på kor mykje du har spart på BSU x2, men uttak frå kontoen må gjerast via banken.

Fast månadleg sparing

Legg opp faste trekk frå bruks-/lønskontoen din til BSU x2 kvar månad. Då går sparinga automatisk, og du slepp å hugse eller tenkje på det.