Bustadsparing (BSU)
Alle drøymer om å kjøpa sin eigen bustad ein eller annan gong. Huskjøp er for dei fleste den største og viktigaste investeringa i livet. Start sparing til din fyrste bustad tidleg.
Bustadsparing for ungdom (BSU) er ein god måte å opparbeida nødvendig eigenkapital til kjøp av din første bustad. Med BSU får du banken si beste innskotsrente, og i tillegg skattafrådrag for det du sparar. Du får også gunstige vilkår på lån til din fyrste bustad.
Opprett BSU i nettbanken
BSU-konto opprettar du enkelt sjølv i nettbanken eller mobilbanken din.
Det er også lurt å oppretta ein fast spareavtale til BSU-kontoen for å fordela sparinga utover året.
Kontakt oss om BSU
Du kan også ta kontakt med oss i banken for å oppretta BSU-konto og spareavtale.
Har du BSU-konto i ein annan bank, hjelper me deg med å flytte kontoen!
Dette er BSU
- Spar opptil kr 27.500,- per år
- Spar totalt kr 300.000,-
- Opptil kr 5.500,- i skattefrådrag per år
- Spar til og med det året du fyller 33 år
- Uttak må nyttast til bustadføremål
Det vert ikkje gjeve frådrag når du per 31. desember i inntektsåret heilt eller delvis eig primær- eller sekundærbustad. Dette gjeld både direkte og indirekte eige.
Det er ein fordel å ha skattbar inntekt for å få full utnytting av Bustadsparing for unge (BSU).
Endringar i BSU-ordninga frå 2021
Frå og med 2021 vert årleg sparebeløp i BSU auka frå kr 25.000,- til kr 27.500,-. Maksimalt skattefrådrag ein kan oppnå vert såleis kr 5.500,-. Maksbeløp for sparing i BSU er framleis kr 300.000,-. Skattefrådrag vil frå 2021 berre vert gjeve til dei som endå ikkje har kjøpt sin fyrste bustad.
Gode lånevilkår
Sparar du regelmessig i BSU, er det lettare for deg å oppnå kravet til eigenkapital i samband med kjøp av eigen bustad. Du får også gunstige vilkår på lån til din fyrste bustad.