Sjå opp for virus!
Ulike variantar av e-post som har til føremål å anten lure til seg informasjon, eller til å spreie skadeleg programvare av ulikt slag, har diverre vorte nokså daglegdags. Det er ikkje alltid lett å avsløre om ein e-post er falsk eller ekte. Eit generelt råd er å vere kritisk til kva lenkjer ein klikkar på, og kva vedlegg ein opnar.
På nettstaden nettvett.no kan du lese om korleis du kan avsløre ein falsk e-post.
E-post frå «Advokatforeningen»
I desse dagar verserer det ein e-post som me spesielt vil åtvare mot. E-posten gir seg ut for å vere frå «Advokatforeningen», og har eit vedlegg som installerer skadeleg programvare (virus/trojanarar) på datamaskina dersom det vert opna.
Nedanfor ser du to skjermkopiar av den aktuelle e-posten. Viss ein ser nærare på e-postadressa denne er sendt i frå, så ser ein at avsendar ikkje samsvarar med at den kjem frå Advokatforeningen. Dette er ein sterk indikasjon på at e-posten er falsk. Det er likevel viktig å vere klar over at det ikkje alltid er så tydeleg som i dette eksempelet, og at også avsendaradressa kan sjå korrekt ut i enkelte tilfelle.
Les meir om denne e-posten på Advokatforeningen sine nettsider.