Brukskonto
Brukskonto er kontoen du nyttar til dagleg. På denne kontoen får du inn løn, trygd og andre inntekter, og det er denne kontoen du nyttar til å betala rekningane dine.
På brukskontoen kan du oppretta AvtaleGiro og eFaktura som gjer det enklare for deg å betala rekningane dine.
Med kort, nettbank og mobilbank har du tilgang til kontoen din 24 timar i døgnet.
Opprett konto i nettbanken
Du kan sjølv enkelt oppretta brukskonto i nettbanken eller mobilbanken din.
Kontakt oss om konto
Kontakt oss viss du ikkje finn kontoen du ynskjer å oppretta i nettbanken eller mobilbanken, har problem med å oppretta konto, eller viss du har spørsmål rundt konto og betalingstenester.