«For Voss Sparebank er nynorsk eit heilt naturleg val»
Språk og dialekt er ein viktig del av identiteten vår, og Voss Sparebank har lang tradisjon for å bry seg om språket. Me arbeider heile tida for at både privatkundar, verksemder, lag og foreiningar skal få eit fullgodt banktilbod på vår eiga målform. Det er ikkje alt me klarar å få omsett og tilpassa i ein digital kvardag, men me freistar å gjera so godt me berre kan. Målet er at du som kunde skal få mest mogleg kommunikasjon om lån, sparing, forsikring og dagleg bruk av banken, på nynorsk.
Bry deg du òg, og velkomen skal du vera som kunde i nynorskbanken Voss Sparebank!