Banken tilbyr ulike typar kort, slik at du skal kunne finne eit kort som passar for deg og ditt bruk. Me tilbyr også tenester knytt til kort og kortbruk som gjer bruk av kort både enklare og tryggare.
VISA Debit
VISA Debit er kortet for deg som er over 18 år. Kortet kan brukast til å ta ut pengar og betale med, både i Noreg og i utlandet. Kortet kan brukast til trygg netthandel. Du kan sjølv bestille VISA Debit i nettbanken.
VISA Debit er eit kontaktlaust kort.
For tryggare kortbruk – bruk regionsperre!
VISA Electron
VISA Electron kan brukast både i Noreg og i utlandet. For at du skal kunne bruke dette kortet, må betalingsterminalen vere online, som betyr at terminalen må ha kontakt med banken for å sjekke saldo på kontoen din før betaling kan gjennomførast. Kortet vil ha same uttaks- og transaksjonsgrenser som VISA Debit, og kan vere eit fint ekstrakort viss du allereie har eit VISA Debit kort. Kortet kan ikkje brukast til netthandel. Du kan sjølv bestille VISA Electron i nettbanken.
VISA Electron er eit kontaktlaust kort.
For tryggare kortbruk – bruk regionsperre!
VISA Electron 7-18
Dette er kortet for deg som er fylt 7 år. Kortet kan brukast både i Noreg og i utlandet. For at du skal kunne bruke dette kortet må betalingsterminalen vere online, som betyr at terminalen må ha kontakt med banken for å sjekke saldo på kontoen din før betaling kan gjennomførast.
Kortet er tilpassa din alder, og vil få auka uttaks- og transaksjonsgrenser etter kvart som du vert eldre. Ved fylte 18 år held kortet fram som eit ordinært VISA Electron.
Netthandel
Frå fylte 15 år kan du bestille VISA Electron som også kan nyttast til netthandel. For å få eit slikt kort må du ha samtykke frå foreldre / verge.
VISA Electron 7-18 er eit kontaktlaust kort.
For tryggare kortbruk – bruk regionsperre.
Kontaktlaust kort
Dersom kortet ditt har dette symbolet, kan du bruke det til kontaktlaus betaling utan PIN-kode. Funksjonen for kontaktlaus betaling må aktiverast første gong, og det er valfritt å ta dette i bruk. Kortet kan uansett brukast på vanleg måte.
Betalingsterminalar som har dette symbolet, og som er klargjort for kontaktlause kort, kan brukast til kontaktlause betalingar. Du vel sjølv om du vil bruke kortet kontaktlaust, eller på vanleg måte med å setje inn kortet med chip og taste PIN-kode.
Fyrste gong du skal betale kontaktlaust, må du aktivere funksjonen. Dette gjer du ved først å leggje kortet inntil symbolet på terminalen. Du vert så bedt om å setje inn kortet med chip, og taste PIN-koden din.
For å utføre ei kontaktlaus betaling, legg du kortet inntil symbolet på terminalen. Når du høyrer eit pip, er betalinga utført. Varekjøp opp til kr. 200,- kan du gjere utan å taste PIN-kode. Frå tid til anna vil du verte bedt om å taste PIN-koden for å stadfeste at du er rette eigar av kortet.
MasterCard Gold
MasterCard Gold er eit kredittkort utan etableringsgebyr eller årsavgift. Kortet er gebyrfritt i bruk ved varekjøp og på internett. Du får inntil 45 dagar rentefri utsetjing på betalinga. Du vel sjølv om du vil innfri faktura ved forfall, eller om du vil utsetje betalinga. Utset du betalinga vil renter tilfalle uteståande kreditt.
Andre fordeler:
- MasterCard Gold kan brukast både i Noreg og i utlandet
- Reise- og avbestillingsforsikring er inkludert når minimum 50% av reisa er betalt med kortet.
- Døgnopen sperreteneste med tilgang til nødkontantar og / eller nødbillettar.
- Bruk MasterCard Gold ved handel på internett. Du får faktura i ettertid, og har såleis full kontroll.
- Sikker netthandel med MasterCard SecureCode.
- Du får tilgang til Mastercard Gold Fordel som gir deg opptil 25 % cashback i over 200 nettbutikkar.
MasterCard Gold er tilgjengeleg i kortoversikta i Nettbank og Mobilbank saman med dei andre korta dine. Du vil finne informasjon om kortet ditt, disponibel kreditt, siste transaksjonar, og funksjon for å overføre frå kredittkortet til bankkontoen din. Kortoversikta finn du under kategorien Konto og kort i nettbankmenyen, og under Kort i mobilbankmenyen. Dersom du har avtale om eFaktura, vil tidlegare fakturaer vere tilgjengelege i eFakturaarkivet i nettbanken.
Voss Sparebank tilbyr kortet i lag med kredittkortleverandøren EnterCard. Dersom du har spørsmål knytt til kortet ditt, kan du ta kontakt med EnterCard direkte på telefonnummer 73 89 77 56.
SmåSpar
Med SmåSpar kan du spare utan å anstrenge deg. Når du har oppretta spareavtalen i nettbanken din, går sparinga av seg sjølv – utan at du treng å tenke på det. Kvar gong du brukar debetkortet ditt vil det verte spart eit beløp til den kontoen du har valt. Kor mykje du sparar er opp til deg sjølv.
Det er fleire måtar å spare på. Du kan spare eit fast kronebeløp for kvar gong du brukar kortet ditt, eller du kan spare ein prosentdel av beløpet du handlar for. Ein tredje variant er å runde beløpet du handlar for opp til eit rundt beløp – til dømes næraste heile 10- eller 50-kronar – og sparebeløpet vert i dette siste tilfellet differansen mellom beløpet du handla for, og det du har valt å runde opp til.
Små Spar finn du i nettbanken under Sparing i hovudmenyen.
Regionsperre
Aktiv bruk av regionsperre bidreg til sikrare kortbruk
For å ytterlegare auke tryggleiken ved bruk av kort, gjer me det mogeleg for deg å sperre debetkorta dine for bruk i dei delane av verda du sjeldan eller aldri oppheld deg. Me oppmodar deg til å legge inn regionsperre på korta dine! På den måten er du også med på å redusere risikoen for misbruk.
Regionsperre administrerer du sjølv i nettbanken eller mobilbanken din.
Me tilrår aktiv bruk av regionsperre.
Trygg netthandel
Alle korta som Voss Sparebank tilbyr, og som kan brukast til netthandel, er tilknytt Trygg netthandel. Trygg netthandel stadfestar identiteten din ved betaling med kort på internett, og gjer betalinga tryggare både for deg og nettbutikken.
Løysinga gjeld for korta VISA Debit og Mastercard Gold. VISA si løysing heiter Verified by VISA, og MasterCard si løysing heiter MasterCard SecureCode.
Slik fungerer Trygg netthandel
- I nettbutikken handlar du på vanleg måte.
- Når du er klar til å betale, går du til «kassa» og legg inn kortinformasjonen som vanleg (kortnummer, utløpsdato og CVV2). Klikk «Betal».
- Du vil få opp ei ny side der du skal stadfeste betalinga. Her finn du mellom anna banken eller EnterCard sin logo, namnet på nettbutikken og summen du skal betale. Vel metoden du ynskjer å bruke til å identifisere deg.
- Etter gjennomført betaling, returnerer du til nettbutikken, der handelen vert avslutta på vanleg måte.
MasterCard Gold og MasterCard SecureCode
Les meir om MasterCard Gold og MasterCard SecureCode hjå EnterCard.