Sparekonto 31 dagar
Sparekonto med 31 dagar oppseiing er den sparekontoen som gir dei beste vilkåra for sparepengane dine. Kontoen har ei oppseiingstid på 31 dagar, som betyr at du må gi banken beskjed minimum 31 dagar før du kan ta ut pengar frå kontoen.
Kontoen har saldoberkning av rente, som betyr at du får betre rente dess meir som står på kontoen, og at renta gjeld for heile summen på kontoen (frå første krone).
Ta kontakt med oss for å opprette Sparekonto med 31 dagar oppseiing.
VossVekst
VossVekst gir dei beste vilkåra for sparepengane dine utan bindingstid. Du kan gjere 6 gebyrfrie uttak, betalingar eller overføringar i løpet av kalenderåret, og passar såleis for pengar som skal stå på sparekonto over litt lengre tid.
Kontoen har saldoberkning av rente, som betyr at du får betre rente dess meir som står på kontoen, og at renta gjeld for heile summen på kontoen (frå første krone).
Du kan opprette kontoen sjølv i nettbanken.
Sparekonto
Sparekonto gir litt betre vilkår for sparepengane dine enn Kapitalkonto. Du kan gjere 12 gebyrfrie uttak, betalingar eller overføringar i løpet av kalenderåret.
Du kan opprette kontoen sjølv i nettbanken.
Kapitalkonto
Kapitalkonto er den mest vanlege spare- / bufferkontoen vår. Det er ingen uttaksbergrensningar på kontoen, men den kan ikkje disponerast med kort.
Kontoen har terskelberekning av rente. Du får ein rentesats på inneståande inntil eit visst beløp, og ein høgare rentesats for det som er over dette beløpet.
Du kan opprette kontoen sjølv i nettbanken.
SeniorSpar
SeniorSpar er ein sparekonto for dei over 60 år. Kontoen har ei oppseiingstid på 90 dagar, som betyr at du må gi banken beskjed minimum 90 dagar før du kan ta ut pengar frå kontoen. Minsteinnskot er kr. 250.000,-.
Ta kontakt med banken for eit tilbod.
UngSpar
UngSpar er ein sparekonto for dei mellom 18 og 27 år. Kundar som har hatt BarneSpar vert flytta over til denne kontoen når dei fyller 18 år. Du kan gjere 6 gebyrfrie uttak, betalingar eller overføringar i løpet av kalenderåret, og passar soleis for pengar som ikkje skal stå på ein brukskonto. Kva rente du får på sparepengane, vert bestemt av kor stort beløp som står på kontoen.
Ta kontakt med oss for å opprette UngSpar.
BarneSpar
BarneSpar er ein sparekonto for dei som er under 18 år. Kontoen har ei høgare rente enn ein vanleg sparekonto, og er ofte den første kontoen til våre små kundar. Ein kan ha kontoen heilt til ein fyller 18, og mange nyttar denne perioden til målretta sparing til for eksempel førarkortet.
Å ta ein samtale om Frende si Barneforsikring er lurt når ein opprettar BarneSpar. Sparing til framtida, kombinert med sikring av den økonomiske situasjonen i framtida, høyrer godt saman.
Ta kontakt med oss for å opprette BarneSpar og ein prat om barneforsikring.
Bustadsparing
Alle drøymer om å kjøpe seg bustad ein eller annan gong. Huskjøp er for dei fleste den største og viktigaste investeringa i livet. Det er lurt å starte sparing til din første bustad tidleg, slik at du kan opparbeide deg nødvendig eigenkapital.
Bustadsparing for ungdom (BSU) er ein god måte å opparbeide eigenkapital til kjøp av din første bustad. Du får banken si beste innskotsrente, og i tillegg skattafrådrag for det du sparar.
Slik kjem du i gang med BSU
BSU-konto opprettar du enkelt sjølv i nettbanken din. Det er også lurt å opprette ein fast spareavtale til BSU-kontoen din for å fordele sparinga utover året.
Du kan også ta kontakt med oss i banken for å opprette BSU-konto og spareavtale. Dersom du alt har ein BSU-konto i ein annan bank, hjelper me deg med å flytte kontoen!
Dette er BSU
- Du kan spare opptil kr 27.500,- per år – totalt kr 300.000,-
- Du kan spare fram til og med det året du fyller 33 år
- Du får 20 % av spart sum i skattefrådrag – maks kr 5.500,- per år
- Det er ein fordel å ha skattbar inntekt for å få full utnytting av sparetilbodet
- Uttak må nyttast til bustadføremål
- Det vert ikkje gjeve frådrag når du per 31. desember i inntektsåret heilt eller delvis eig primær- eller sekundærbustad. Dette gjeld både direkte og indirekte eige.
Endringar i BSU-ordninga frå 2021 Frå og med 2021 vert årleg sparebeløp i BSU auka frå kr 25.000,- til kr 27.500,-. Maksimalt skattefrådrag ein kan oppnå vert såleis kr 5.500,-. Maksbeløp for sparing i BSU er framleis kr 300.000,-. Skattefrådrag vil frå 2021 berre vert gjeve til dei som endå ikkje har kjøpt sin fyrste bustad. |
Gode lånevilkår
Sparar du regelmessig i BSU, er det lettare for deg å oppnå kravet til eigenkapital i samband med kjøp av eigen bustad. Sjå våre lånevilkår for Bustadlån for unge.